Marita Harkestad Oen
Medlem av hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Marita Harkestad Oen er 46 år og bur i Oen i Øygarden. Ho jobbar som styrar i Terna Barnehage.
"Eg er medlem i Arbeidarpartiet fordi eg trur på at me best løyser dei store utfordringane saman og i fellesskap, og ikkje kvar for oss. Eg er motstandar av privatisering og konkurranseutsetjing av kommunale tenestetilbod. Eg er òg opptatt av at dei svakaste i samfunnet skal ha dei same moglegheitene og oppleve den same tryggleiken i kvardagen som alle andre. Eg brenn for gode oppvekstvilkår, og ein mobbefri kvardag for alle barnehage- og skoleborn.