Partiprogrammet 2023-2027 i fulltekst

Fulltekstversjon av programmet

Gode veljar!

Arbeidarpartiet er eit sosialdemokratisk parti. For oss er det viktigaste arbeid til alle og fellesskapsløysingar som sikrar mindre ulikskap, deltaking og likeverd for alle.

I Øygarden Arbeidarparti går vi til val for å sikre dei gode løysningane for fleire i arbeid, trygg og god velferd og for å gje bidrag til løysinga på klimautfordringa.

For Øygarden Arbeidarparti er det også ei hovudoppgåve å finne løysningar på aukande skilnadar i samfunnet, skilnadar vi diverre også ser i Øygardssamfunnet. Slik skal vi ikkje ha det. Vi må arbeide for at alle vert inkludert i samfunnet, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet. Alle har noko å bidra med, og vi må sikre at alle får brukt ressursane sine – i arbeidslivet og elles.

Rettferdig fordeling er nøkkelen til samfunn der alle er like mykje verdt, og der alle kan leve gode og verdige liv. Arbeidarpartiet skal jobbe for gode og universelle velferdsordningar som omfattar alle. Fellesskapet og fellesskapsløysingane skal styrkast. Slik sikrar vi også best vår felles velferd.

Dei siste åra har stilt oss overfor store utfordringar. Det er og vil verte naudsynt å tenkje nytt om utfordringar og oppgåver vi før trudde var godt ivareteke, både økonomisk, klima- og beredskapsmessig. Vi vil også måtte prioritere tøffare enn vi til no har vore nøydt til.

Øygardssamfunnet forvaltar særs verdifull infrastruktur på vegne av heile landet, og er difor også sårbart i tider med internasjonal uro og konflikt. Som vertskommune for viktig industri- og kraftproduksjon må Øygarden kommune alltid ha sterkt fokus på beredskap og tryggleik i lokalsamfunnet.

Alle som stiller til val for Øygarden Arbeidarparti har forplikta seg til å følgje partiprogrammet du no les. Våre folkevalde er til å stole på.

Usikre tider gjer det ekstra viktig med trygg styring!

Skape arbeidsplassar i eit seriøst arbeidsliv 

Trygge jobbar og ei løn å leve av er avgjerande for gode liv og tryggleik i kvardagen. Kommunen har ei viktig rolle å spele både som arbeidsgjevar, innkjøpar og som samarbeidspartnar for næringslivet.

Kommunen speler også ei avgjerande rolle som tilretteleggjar for god næringsutvikling. Det skal prioriterast å leggje til rette for at det kan skapast fleire jobbar og inkluderast flest mogleg i arbeidslivet.

Kommunen skal være ein trygg arbeidsplass, med medverknad og tillit til dei tilsette. Trepartsamarbeidet skal nyttast aktivt som verkemiddel for å styrke dei kommunale tenestene, og for å sikre dei tilsette sine rettar. I trepartssamarbeidet ligg også dei gode løysingane for å nå målet om faste, heile stillingar.

Arbeidslivet er ein opplæringsarena, der både lærlingar og fast tilsette får auka kompetanse. Det er viktig at kommunen tek ansvar for å styrkje kompetansebygginga i arbeidslivet.

Kommunen skal stille strenge krav om seriøsitet og berekraft i anbodsprosessar. Ingen anbod skal gå til useriøse aktørar.

Øygarden Arbeidarparti vil:

  • Leggje til rette for heile, faste stillingar og eit aktivt trepartssamarbeid.
  • Etablere ei fast, kommunal vikarteneste i kommunen.
  • Tilby tilsette i kommunen moglegheit for å ta etter-, vidareutdanning og fagbrev på jobb.
  • Auke talet på lærlingplassar i kommuneadministrasjonen, og i kommunen sine verksemder.
  • Styrke arbeidet med å gje personar med funksjonsnedsetjing og andre grupper som fell utanfor arbeidslivet moglegheit til jobb.
  • Utarbeide ein modell for seriøsitetskrav ved offentlege anbod, med strenge krav om seriøse arbeidsvilkår for å motverke sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Det skal stillast krav om at tilbydar har lærlingar i arbeid i alle ledd.
  • Samarbeide med lokalt næringsliv for å skapa nye, grøne arbeidsplassar, stimulere til fornybar utvikling og auka turisme.

Klima og natur er ramma rundt all politikk

Klima- og naturkrisa er den største utfordringa i vår tid. Menneskeleg aktivitet bidreg til oppvarming av jordkloden, og levemåten vår fortrenger plantar, dyr og menneske sine leveområde. Dette aukar faren for dramatiske endringar både i klima og naturen. Øygarden kommune skal være ein grøn kommune som er i front når det gjeld grøne løysingar. Det vil seie at kommunen i alle ledd prioriterer miljøvenlege løysingar, kuttar klimagassutslepp, prioriterer effektiv energibruk og bygger på ein klimavenleg måte. Øygarden kommune skal styrke vernet av strandlinja.

Vi må både bremse klimaendringane, ha gode planar for klimatilpassing, og verne om verdifull natur, matjord og artsmangfald. Vi kan bygge smartare, planlegge betre og ta klokare val for å bevare den mest sårbare naturen.

Kommunesektoren har ei vesentleg rolle i omstillinga til lågutsleppsamfunnet, mellom anna gjennom byvekstavtaler.

Øygarden Arbeidarparti vil:

  • Utarbeide ein kommunedelplan for energi, klima og miljø i løpet av fireårsperioden.
  • Utarbeide ein kommunedelplan for vatn og avlaup i løpet av fireårsperioden
  • Ta i bruk solenergi på kommunale bygg for å styrke energieffektiviseringsarbeidet.
  • Sikre at grøntområde er lett tilgjengelege i tettbygde områder, og verne om strandsona og allemannsretten der denne er under press.
  • Vekte klima- og miljøomsyn sterkare i offentlege anskaffingar.
  • Styrke arbeidet for sirkulær økonomi ved mellom anna å prioritere reparasjon og oppgradering av eksisterande bygg framfor å bygge nytt, samt støtte opp under initiativ for ny næring i gamle naust.
  • Opprette gratis utlån av sports- og friluftsutstyr (BUA) i sør og nord i kommunen.
  • At kommunale køyretøy skal være utsleppsfrie.
  • Arbeide for at Øygarden kommune skal verte plastfri.
  • Støtte opp om lag og organisasjonar som tar eit tak for å rydde natur og strandlina for plast og søppel

God helse og livskvalitet for alle

God helse og livskvalitet er viktig i alle livets fasar. Ei felles, offentleg helseteneste er det beste forsvaret mot auka skilnadar. Difor seier vi ja til å verne om våre felles helse- og omsorgstenester, og nei til privatisering, konkurranseutsetjing og oppsplitting av ansvar.

Arbeidarpartiet vil ha eit samfunn der vi forebygger, behandlar og sikrar ettervern for dei som treng det. Fleire må verte sett, og fleire må få hjelp tidlegare. Vi treng at fleire vel helsesektoren som arbeidsplass.

Eit godt utbygd helsetilbod er avgjerande for kor godt det er å bu i kommunen vår. Det er eit mål å styrkje og vidareutvikle helsetenestene i kommunen. Difor må det satsast på det allmenne helsetilbodet.

Bu- og servicesentera og sjukeheimane våre er viktige fellesskapsarenaer. Kommunen skal ta ansvar for å utvikle dei ulike tilboda til eldre.

Øygarden Arbeidarparti vil:

  • Styrke tilbodet innan psykisk helse og rus, og prioritere oppbygging av lågterskeltilbod.
  • Auka fokus på førebyggande tiltak, og styrke ettervernet innan psykisk helse og rus.
  • Styrkje kommunen sitt tenestetilbod for personar med funksjonsnedsetjing.
  • Styrke og vidareutvikle fastlegeordninga slik at alle har tilgang på ein fastlege i kommunen.
  • Sørgje for meir merksemd omkring vald i nære relasjonar.
  • Sørge for at eldre og andre tenestemottakarar kan bu lenger heime ved å prioritere tilbod om matlevering, trygge bustader, aktivitet og velferdsteknologi.
  • Legge til rette for at det vert oppretta eldrekollektiv i samarbeid med utbyggjarar.
  • Bidra til eit aldersvenleg samfunn og god psykisk helse for eldre gjennom fleire kulturelle, sosiale og fysiske aktivitetar og møteplassar for eldre i samarbeid med frivilligheita.
  • Styrke den oppsøkande verksemda ovanfor eldre, mellom anna i regi av Aksjonssenteret.
  • Styrkje heimetenestene og sjukeheimane i kommunen, mellom anna gjennom auka grunnbemanning og ved å leggje til rette for gode fagmiljø.
  • Sikre tilstrekkeleg med plassar til heildøgns omsorgstenester for alle aldersgrupper.
  • Auke talet på fysioterapeutar i kommunen.

Ein god oppvekst varer heile livet

Arbeidarpartiet har   mål om at alle barn skal vekse opp i tryggleik. Familie, vener, idrettslag, lokalt kulturliv og fritidstilbod skapar gode oppvekstvilkår, og er viktige fellesskap for innbyggjarar i alle aldrar. Barnehage og skule er dei viktigaste fellesskapsarenaene for barn. Eit tett og tverrfagleg samarbeid mellom kommunen sine tenester retta mot barn og unge gjer saman med gode overgangar mellom barnehage, grunnskule og vidaregåande skule det beste grunnlaget for å meistre livet.

Kvalifiserte tilsette er den viktigaste faktoren for elevane si læring, leik og trivsel. Det er viktig å rekruttere og behalde dyktige tilsette i skular og barnehagar. Barnehagar, leikeplassar og skular må vere universelt utforma slik at alle skal kunne delta.

Gode oppvekstvilkår er ikkje berre viktig for borna og ungdomen. Det er også avgjerande for at barnefamiliar skal velje å busetje seg i kommunen, i staden for at arbeidstakarar skal pendle frå dei omliggjande kommunane.

Kommunen er både som eigar av barnehagar og kjøpar av barnehageplassar ein heilt sentral aktør i drifta og utviklinga av barnehagane våre. Det skal være likeverdige driftsvilkår mellom private og kommunale barnehagar.  

Skulen er ein heilt sentral læringsarena, og avgjerande for at Øygarden kommune skal fylle kompetansebehovet og læringsnivået som arbeidsmarknaden vår krev i framtida. Samtidig er skulen også ein oppvekstarena, der born og unge får utfalde seg, leike og utforske. Læraren, barne- og ungdomsarbeidaren og dei andre tilsette ved skulen er heilt sentrale for gode skulekvardagar, og for oppfølginga av kvar einskild elev.

Øygarden Arbeidarparti vil:

  • At kommunen skal ha ein aktiv innsats mot mobbing.
  • Satse på MOT som inngangsport til ei trygg og sikker ungdomstid.
  • Arbeide for å styrkje dei kommunale barnehagane.
  • Seie nei til sommarstengte kommunale barnehagar.
  • Innføre ein meir heilskapleg skulekvardag med fokus på fellesskap og meistring, der vi gjer tilbod om idrett og kulturaktivitetar.
  • Utvikle ein leksefri skule i samarbeid med FAU, SU og skuleleiing.
  • Gradvis innføre gratis SFO.
  • Sikre god førebygging og hjelp til barn og familiar gjennom eit godt samarbeid med oppvekst, barnevern, politi og NAV.
  • Støtte opp under idrettslaga og idretten, og gje den gode rammevilkår som sentral oppvekstarena.
  • Rive og byggje ny skule på Skålevik og oppgradere fotballbana ved skulen, og totalrenovere Ulveset skule.
  • Auke tilgang på rådgjeving for vidare utdanning på ungdomsskuletrinna.
  • Leggje vekt på livsmeistring og privatøkonomi som fag i skulen.
  • Styrkje skulen med miljøterapeutar.
  • Styrkje helsestasjonane og skulehelsetenesta.
  • Gje tilbod om meir praksis i utdanninga.
  • Byggje ny Fjell ungdomsskule.

Ta heile kommunen i bruk

Øygarden er ein langstrakt kommune. Nokre stader opplever stor vekst, andre stader fråflytting. Arbeidarpartiet vil ha eit samfunn bygd på tillit, tryggleik og fellesskap. Vi vil utjamne levekårsskilnadane i kommunen. Arbeid og lik tilgang til velferd er dei viktigaste verkemidla for å redusere skilnadane. Fattigdom kan føre til at barn vert ekskludert frå viktige sosiale arenaer. Difor må kulturskulen og frivilligheita styrkjast. Livssynsrelaterte organisasjonar er ein ressurs i lokalmiljøa. Den norske kyrkja skal takast i vare som ei inkluderande og levande folkekyrkje.

For Arbeidarpartiet er ein sosial bustadpolitikk med bustader og nærmiljø med god kvalitet viktig. Saman med Husbanken må kommunen bidra til at fleire unge og vanskelegstilte kjem inn på bustadmarknaden, og til at  fleire kan eige eigen bustad. I bygdene må det leggjast betre til rette for auka bustadbygging.

Arbeiderpartiet meiner heile kommunen skal takast i bruk. Sentrale kommunale planverktøy som bustadsosial plan, arealplan, plan for kultur og frivilligheit samt dialogen med Skyss skal nyttast aktivt for å sikre at utvikling skjer i både kommunedelsenter, lokalsenter og grender.

Alle menneskje er like mykje verdt. Øygarden Arbeidarparti meiner kommunen sin innsats for styrkja levekår og betre sosiale tilhøve skal ha som siktemål å løfte dei som har ein utfordrande kvardag. Universell utforming er ein føresetnad for at alle skal kunne delta i organiserte kulturaktivitetar, lag og organisasjonar. Kystpasset er eit godt og populært tiltak for folkehelsa. Tilrettelagte aktivitetar, universelt utforma turstiar og skogsleikeplassar er gode tiltak for å inkludere flest mogleg i friluftsliv.

Øygarden kommune har mykje å vinne på å gje ungdommar ein stad å vere saman, med fasilitetar for aktivitetar på ungdom sine premiss og med vaksne som ser dei. Eit aktivitetshus for ungdom kan innehalde musikkskule, e-sport, skatepark, wi-fi, danseplass, kiosk, vegger til å tagge på, eller anna.

Øygarden Arbeidarparti vil:

  • Arbeide for levande senter og grender i heile kommunen.
  • Jobbe målretta for å redusere levekårsskilnadar.
  • Styrke det lokale kulturlivet.
  • Vidareutvikle Aktiv+
  • Oppretthalde og vidareutvikle biblioteka i Skogsvåg, på Straume og Rong.
  • Ta i mot flyktningar på ein god måte, og gje dei tilbod om arbeid, utdanning og gode velferdstenester, slik at dei kan verte inkludert i nærmiljøet.
  • Auke ordninga med startlån slik at fleire kan kjøpe seg eigen bustad.
  • Etablere fleire kommunale utleigebustader i samarbeid med Husbanken.
  • Arbeide for etablering av aktivitetshus for ungdom, eigd av kommunen, med dagleg drift i hovudsak basert på frivilligheit. Innhaldet skal utviklast saman med ungdomane sjølve, til dømes gjennom elevråda på ungdomsskulane og Ungdommens kommunestyre.
  • Installere teleslyngeanlegg i alle lokala som i dag vert lånt ut til lag og organisasjonar i kommunen. Kommunen skal også halde mobile teleslyngeanlegg til utlån.
  • Støtte opp under aktivitet og tiltak som fremmar kystkulturen i kommunen.
  • Leggje til rette for fleire småbåthamner.
  • Arbeide for parkering i tilknyting til turstien til Veten v/Førde.
  • Inngå samarbeidsavtaler med fylkeskommunen for å sikre vedlikehald og utbetringar av fylkesvegar. Skulevegar skal vere prioritert.
  • Utarbeide ein trafikksikringsplan/vedlikehaldsplan for kommunale vegar.
  • Støtte utviklinga av Kystpasset.
  • Arbeide for livssynsnøytrale seremonirom.
  • Bevare den norske kyrkja som folkekyrkje.
  • Støtte opp om dei tre musea i kommunen slik at dei står fram som attraktive kulturinstitusjonar.

Er du enig med Øygarden Arbeiderparti om Partiprogrammet 2023-2027 i fulltekst?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker