Viktig at me får dugelege folk inn i kommunestyret

Me som jobbar i barnehagen veit ofte «kor det gjekk galt» med alle dei i samfunnet som på eit eller anna vis ikkje heilt lukkas, eller fell utanfor, skriv Marita Harkestad Oen (Ap). 

På måndag går me til valurnene for å velje dei som skal styre kommunen vår dei neste fire åra. Det er viktig at me får dugelege folk inn i den politiske leiinga av kommunen. Men det er minst like viktig kva erfaringsbakgrunn og kunnskap desse har med seg inn i det nye kommunestyret.

Sjølv har eg bakgrunn som spesialpedagog, og har det meste av tida mi i arbeidslivet vore styrar i ein kommunal barnehage i Øygarden. Og no er eg ærleg talt uroleg for om den kompetansen og innsikta som finns mellom tilsette i barnehagesektoren i kommunen vil verte godt nok representert i den nye politiske leiinga i kommunen etter valet.

Erfaringane eg har gjort meg som tilsett er diverre at desse utfordringane ofte ikkje vert sett, eller gjort noko med. Rett nok er ikkje dette den politiske leiinga i kommunane våre sitt ansvar åleine. Men det er ved å ta politiske grep om utfordringane me best kan gjere noko med det.

For utfordringane er mange, og difor er potensialet også tilsvarande stort.

Det er i barnehagane me legg grunnlaget for borna si deltaking i barneskulen, ungdomsskulen og på vidaregåande. Me som jobbar i barnehagen veit ofte «kor det gjekk galt» med alle dei i samfunnet som på eit eller anna vis ikkje heilt lukkas, eller fell utanfor.

Saman med foreldre og sysken er det i barnehagane me legg grunnlaget av tryggleik og sjølvkjensle me alle treng for å møte ungdoms- og vaksenlivet på ein god måte. Det er i barnehageåra me fyrst lærer oss sjølve å kjenne, og

Og, ikkje minst: Det er i barnehagen me kan gjere den viktigaste jobben for å sikre eit mobbefritt samfunn. Ingen vert mobbarar av seg sjølv. Det er grunnar til det, og forhold som har medverka til det. Nesten alltid er dette noko me kan ta tak i allereie i dei tidlege barneåra, og dermed også i barnehagen.

Men for at barnehagen skal kunne lukkast med samfunnsoppdraget sitt, trengs det rammer og vilkår som er gode nok. Eg tenkjer ikkje på pengar – sjølv om det også er viktig. Men endå viktigare enn pengane er det at det mellom dei som styrer i kommunen vår er innsikt i og forståelse for kva me gjer i barnehagane våre, og kor mykje det har å seie for heile samfunnet.

For meg er dette den viktigaste grunnen til at eg stiller til val for Øygarden Ap i år.

Marita Harkestad Oen listekandidat Aphttps://www.vestnytt.no/meninger/leserinnlegg/i/EWqV9l/Viktig-at-me-far-dugelege-folk-inn 

Marita