Vi vil ha ein kommune for fagarbeidarar og lærlingar

Ruben Håvik, 8. kandidat for Øygarden Arbeidarparti

Ruben Håvik

Formannskapet handsama 9. mai ei sak om korleis Øygarden kommune skal rekruttera og behalda helsepersonell. Arbeidarpartiet fremma her mellom anna forslag om at lærlingar i kommunen skal få tilbod om «100 prosent fast stilling frå den dagen læretida er over og fagbrevet er motteken i samsvar med gjeldande lovar og reglar».

Dette er eit viktig tiltak for å gje kommunen fleire fagarbeidarar. Ei utrekning frå SSB utført i 2020 viste at Noreg kjem til å mangle rundt 100.000 fagarbeidarar innan 2035. Dette er særleg kritisk for kommunane, som treng dyktige fagarbeidarar i verksemda.

Fagarbeidarane er viktige for å byggje og drive velferdsstaten. Dei er på mange måtar sjølve maskineriet i velferdsstaten. Vi finn dei over alt rundt oss, frå vaskepersonellet som heldt det reint, til kontorarbeidarane. Frå barne- og ungdomsarbeidarane som tek vare på borna våre, til helsefagarbeidarane som tek vare på våre eldre.

Fagarbeidarane er viktige for kommunen. Difor er det viktig at kommunen bidreg til å rekruttera og behalda nye fagarbeidarar i åra som kjem. I dette arbeidet bør Øygarden kommune sitja i førarsetet når det kjem til lærlingplassar. For kven vil søkja seg til fagutdanning om det ikkje er sikkert at dei får lærlingplass?

Kvart år står fleire hundre elevar utan læreplass. Dette er fleire hundre fagarbeidarar som Noreg går glipp av, og som me ikkje har råd til å miste. Kommunar som har lærlingar tek såleis eit viktig samfunnsansvar, ved at dei bidreg til at vi får nye fagarbeidarar kvart år.

Det er derfor viktig at vi har ei politisk styring av kommunen som ser og forstår viktigheita av fagarbeidarane og lærlingane. Arbeidarpartiet ynskjer at dei tilsette i kommunen får tilbod om moglegheit for å ta etter- og vidareutdanning, og fagbrev på jobb.

Me ynskjer i tillegg å auke opp talet på lærlingar kommunen tek inn, både i kommuneadministrasjon og i kommunen sine verksemder. På denne måten sikrar me at me byggjer framtida på ein god og sikker måte, og at Øygarden vert det fyrtårnet me ynskjer at det skal vere.

Valet ligg hos dykk veljarar på valdagen 11. september. Eg håpar de røystar på Arbeidarpartiet og på eit framtidsretta Øygarden!

Innlegget sto fyrste gong på trykk i Vestnytt 7. juni.