Vertskommunar må få meir att

Stian Oen, fungerande leiar og 6.-kandidat for Øygarden Arbeidarparti

Stian Oen

Øygarden har mykje og viktig industri og næringsliv. Det er dei fleste av oss både stolte og glade over: Det er både eit sunnheits- og kvalitetsteikn når næringslivet ser potensial og mogelegheiter for verdiskaping og arbeidsplassar. Olje-, gass- og leverandørindustrien i kommunen vår går i tillegg i fremste rekkje i det grøne skiftet, med utvikling av nye løysingar og ny teknologi.

Men med mykje – og stadig meir – industri og næringsliv dukkar det også opp stadig fleire utfordringar, og saker som synleggjer at det også er vanskar knytt til å vere ein kommune med mykje næringsverksemd. Nokre døme:

  • Innbyggjarar på Hjelteryggen har fleire gongar sagt klart frå om at lukta frå det nye asfaltverket rett og slett er for vond til å leve med.
  • Arbeidarar ved lakseslakteriet på Skaganeset måtte i 2017 gå til streik for å få lov til å organisere seg. Dei fekk tariffavtale, berre for å oppleve at verksemda slo seg sjølv konkurs, ifølgje verksemda grunna streiken og tariffavtalen denne hadde resultert i.
  • Den utvida omsynssona langs kondensat- og gassleidningane mellom Kolsnes og Sture har dramatiske konsekvensar for nybygginga og utviklinga særskilt på Tjeldstø, og er møtt med sterk motvilje både frå ei samla lokalbefolkning i nordre Øygarden og eit samla kommunestyre.
  • Dale bru i Blomvågen – der semitrailerane til og frå Kollsnes og Stura dagleg køyrer – er no så full av hol i betongdekket at me som brukar brua i det daglege nærast må køyre slalåm for å unngå alle hola.

Desse døma, det finst fleire, synleggjer ei utfordring me må ta meir på alvor i Øygarden frametter: Me skal framleis vere ein kommune for industri- og næringsverksemd. Men me skal også, og først og fremst, vere ein kommune for oss som bur her. Den balansen har ikkje vore godt nok vareteke dei seinare åra.

Frametter må det takast meir omsyn. Som vertskommune for mykje industri- og næringsverksemd må me få meir att. Protestar og klagar frå vanlege folk kan ikkje berre leggjast i ei skuff, før løyve vert innvilga og utbyggingar får godkjentstempel. Me må verte flinkare til å kombinere omsyn til næringsverksemd med omsyn til folk. Og ikkje minst: Øygarden kommune må verte betre til å stille krav til verksemder som gjennomfører oppdrag og leverer tenester til kommunen.

Det løfterike i situasjonen er at dei som har aller størst interesse i at me lukkast betre er næringslivet sjølve: Samspelet mellom næringsliv og innbyggjar er viktig. Eit godt næringsliv bidreg med arbeidsplassar – men må også leggje til rette for gode levekår for innbyggjarane som bur tett på næringsverksemd. Ein kommune der folk er glade for industrien og næringsverksemda, er ein kommune der industrien og næringsverksemda kan rekne med gode rammevilkår, og høve til vidare vekst.

Innlegget sto fyrst på trykk i Vestnytt 20. mai.