Torstein Tvedt Solberg, Jonas Gahr Støre og Hadia Tajik deler ut roser i Stavanger.

Velferd er viktigere enn skattelette

Stian Oen

Pandemien me har vore gjennom viser oss til fulle kor verdifull velferdsstaten vår er. Sjølv om det siste halvanna året har vore vanskeleg for mange, ville denne tida vore langt tøffare om me ikkje hadde hatt sjukelønsordninga og dagpengeordninga, dei to ordningane som kan hende har vore aller viktigast i denne perioden. Når me går til valurnene til hausten kan me gje røysta vår til parti som vil styrkje desse ordningane, og byggje velferdsstaten vidare ut, slik Arbeidarpartiet vil. Eller me kan røyste på dei som stadig vekk omtalar velferdsordningane våre som eit problem dei vil kutte i, slik dei borgarlege partia med Høgre i spissen stadig gjer.

Øygarden er mellom kommunane i landet med størst potensiale for å skape ny næringsverksemd og nye arbeidsplassar. Det viser mellom anna scenariorapporten og skissa til næringsstrategi for kommune frå Ernst &Young som nyleg vart gjort kjent. Men samstundes er Øygarden også mellom kommunane i landet som vert «straffa» hardast i nedgongstider, i form av lite arbeid og høg arbeidsløyse. Det er ikkje utan grunn at arbeidsløysa i kommunen under pandemien har vore høgare enn i kommunar det er rimeleg å samanlikna oss med. Det viser kor viktig det er at innsatsen for å skape nye arbeidsplassar alltid går hand i hand med gode og trygge velferdsordningar.

Heldigvis har høgresida vore musikalske nok til å stort sett ikkje kome med framlegga sine om å skjære ned eller svekkje velferdsordningane våre midt i pandemien. Ein av dei mest framståande høgrepolitikarane på Stortinget omtalte rett nok framlegget frå mellom anna Arbeiderpartiet om at også arbeidslause må få feriepengar som «helt koko». Men elles har det vore nokså stilt, og bra er det.

Men ingen må tru at dei borgarlege med pandemien har slutta å sjå velferdsordningane våre som eit problem, eller at dei aldri igjen vil avfeie framlegg om å styrke velferden som eit uttrykk for sinnsforvirring. Tenketanken Civita har i årevis kursa dei borgarlege ungdomspartia i kor vanskeleg dei meiner det vil verte å betale for velferden i framtida. Vinn dei borgarlege valet til hausten er det desse ungdomspolitikarane som etter kvart vil verte slusa inn i nøkkelposisjonar i regjeringsapparatet.

Eit av dei viktigast vegvala ved stortingsvalet til hausten står difor mellom partia som vil styrkje velferdsstaten vidare, eller partia som heile tida leitar etter argument for og høver til å byggje velferden ned. For Arbeidarpartiet er saka klar: Velferd er viktigare enn skattelette til dei rikaste.

Vi vil gjennomføre fleire viktige styrkingar av velferdsordningane våre. For Øygarden vil det mellom anna verte meir pengar til fleire barnehageplassar, fleire lærarar og utbygging av eldreomsorgen.

Stian Oen, styremedlem i Øygarden Arbeidarparti