Universell utforming – nødvendig for nokon, bra for alle
Menneske med nedsett funksjonsevne møter barrierar som hindrar samfunnsdeltaking på mange område. Diverre har vi ikkje kome langt nok på dette viktige feltet, korkje i landet eller her i Øygarden.
Målet med universell utforming er å fjerna eller redusera slike barrierar gjennom utforming av politikk, politiske, sosiale og kulturelle institusjonar, bygde omgjevnader og IKT. Universell utforming skal gje fleire menneske høve til å leva i tråd med eigne ønskje og planar og delta på alle samfunnsområde. Særleg viktig er tilgjenge til utdanning, arbeid, kultur og offentlege rom. Her snakkar me om eit felt der ein kommune som Øygarden, som tek mål av seg å vere eit fyrtårn verkeleg må setje inn innsats for å leve opp til denne ambisjonen.
Universell utforming er nødvendig for nokon, bra for alle. Det er ingen grunn til at ikkje Øygarden skal vere best i landet på å leggje til rette for samfunnsdeltaking for alle. Men det vil ikkje skje av seg sjølv; det vil krevje innsats, frå både stat og kommune.
Arbeidarpartiet vil:
At staten, så langt råd er, skal medverka til samfunnsdeltaking for alle og hindra diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne.
At universell utforming skal liggja til grunn for all samfunnsplanlegging, ikkje minst den me i Øygarden no står midt oppe i knytt til samfunnsdelen av kommuneplanen.
Jobba for at menneske med funksjonsnedsettingar skal oppnå sine fulle rettar til deltaking på alle samfunnsområde på lik linje med alle andre, ved å sikra at FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) skal realiserast i alle deler av samfunnet.
AP vil byggja ned samfunnsbarrierar som står i vegen for denne realiseringa, og slik bidra til betre synleggjering, likestilling og livskvalitet for denne gruppa.
Godt stortingsval til hausten!
Atle Justad