Skyss må utfordrast

Rebekka S. Moldøen, 3. kandidat for Øygarden Arbeidarparti

Tusen takk til Eva Kollevåg som tek opp transportsituasjonen i Øygarden om dagen. Vi har i dag eit kollektivtilbod som er langt ifrå godt nok, og som det er vanskeleg å basere oss på når vi skal ut på reise. Dette er ei stor utfordring for heile kommunen.

Det er særs positivt at eit samla kommunestyre i mai gjekk inn for å vurdere eit eige trafikkselskap, som mellom anna skal ta hand om skuleskyssen. Men utfordringa er endå større: For oss som bur eit stykkje frå straumeområdet er det mildt sagt krevjande å bruke bussen til å flytte på oss på dagtid på heilt vanlege kvardagar, slik Kollevåg skriv. Og i helgene er det nærmast umogeleg. Vi snakkar om eit kollektivtilbod som per i dag dessverre ikkje er i nærleiken av å gje oss dei tenestene vi treng for å vere det samfunnet og den kommunen vi ynskjer å vere.

I Øygarden Arbeidarparti har me programfesta at vi vil ta heile kommunen i bruk, og at det skal vere levande senter og grender i heile kommunen. Då er det heilt naudsynt med eit betre kollektivtilbod. Heldigvis er det nokre lyspunkt: Gratisferja mellom Klokkarvik til Lerøy og Bjelkarøy er eit stort framsteg, sjølv om det også har bydd på nokre utfordringar.

Men gratisferja er først og fremst positivt, og eit godt eksempel til etterfølging – for å gjere det mogeleg å bu i utkantane av kommunen vår. Dei neste fire åra er det likevel heilt nødvendig at Øygarden kommune vert ein kommune som stiller langt sterkare krav til Skyss, som hovudleverandør av kollektivtenester i kommunen vår.

Vi er den nest største kommunen i fylket målt i folketal, og vi skal gjennom ei gigantisk samferdselsutbygging med Sotrasambandet. Då er det ikkje for mykje å be om at Skyss tar samfunnsoppdraget sitt med å levere gode kollektivtenester på alvor, i staden for å berre sjå på kor dei kan tene mest pengar.

Innlegget sto fyrst på trykk i Vestnytt 16. juni.