Nedlegging av Blomvåg skule, opning av ny skule på Litlesotra
Er ikkje skule i nærmiljøet like viktig for elevane i barnetrinnet i nordre delen av kommunen?
På kommunestyremøtet 20. mai gjorde Sotralista framlegg om at Liljevatnet skule ikkje skal byggjast om til barnehage, fordi dei ynskjer å starta ny skule for barnetrinnet der.
Kvifor fremjer Sotralista dette framlegget når det er snakk om Liljevatnet, når dei samstundes er ein del av fleirtalsposisjonen som ynskjer å leggje ned Blomvåg skule? Populisme? Er ikkje skule i nærmiljøet like viktig for elevane i barnetrinnet i nordre delen av kommunen?
Kjartan Algrøy,
Nestleiar Øygarden Arbeidarparti