«Me lovar satsing på barnehage, og på oppvekst, fritid og skule»

Stian Oen

Takk for utfordringa, Jane Føllesdal

Om barnehage, oppvekst og slikt

Her kjem svaret frå Ap

Forsøksvis forma som dikt

-

Ja; det startar i barnehagen

Det har Ap sagt i mange år

Det er difor me skriv så ofte om det

Her i avisa vår

-

Diverre er me i mindretal no

I kommunestyre vårt

Men dette kan endrast i haust

For nytt fleirtal det treng me – sårt!

-

Heller ikkje i Ap lovar me gull

Men løfta våre er ikkje hule:

Me lovar satsing på barnehage

Og på oppvekst, fritid og skule

-

Og me lovar dykk barnehagar

Som er opne også om sommaren

Og me lovar å vere på pletten

Når dei borgarlege bommar igjen

-

Kjære Jane: I Ap er me vakne

Me har faktisk vore det lenge

Me lovar å gjere vårt

Men då veit de kva de må stemme

-

Eg håpar du er nøgd med svaret

Og i valkampen på oss heiar

Beste helsing frå Øygarden Ap

Stian Oen, leiar

Diktet sto fyrst på trykk i Vestnytt 19. juni.