Kva pågår av politisk spel i valkampen

Henning

Eg trur at folket klarar å gjennomskua både hersketeknikkar og løgn, men sanninga kan dessverre lett drukna i dette krevjande terrenget om kven si politiske retning som vil vere best, gagne mest og gi best avkastning for storsamfunnet.Eg meiner at AP sin politiske retning har ein heilskap til det beste for landet vårt.Det AP vil gjera, er å få lov å visa dette i handlingValgkampen starta for mange månadar sidan, og ei klok kvinne frå Øygarden sa at ho var litt lei av politiske krangledebattar med skyts og «drittslenging» retta til motkandidatar og deira manglande politikk.Ho meiner at alle parti heller bør snakke opp eige parti program, og fokusere på å få tydeleg fram kva partia reelt ynskjer å jobbe for i samfunnet.Eg samanliknar politisk styring med å styra ein båt, og både retning og fart du set på båten gjev ein konsekvens med ulike bylgjer i ettertid.Vi i arbeiderpartiet har tenkt å få til ei kursendring for Noreg etter stortingsvalget og den politiske retninga er godt belyst i programmet vårt. Her kan de lese partiprogrammet til AP 2021-2025: https://www.arbeiderpartiet.no/om/program/Arbeiderpartiet har tre hovud løfter.Trygt arbeid til alle, der fleire vert inkludert i arbeidslivet samtidig ønske om å skape og utvikle nye arbeidsplassar er vår fremste prioritering. Vi skal ha ein sterkare velferdsstat som stiller opp for alle, og ein langsiktig og god klimapolitikk som kutter utslepp og skapar jobbar.Vi her i Vestland skal ha store og sterke stemmer på Stortinget, og AP treng også di stemme nå.Så vil eg ynskje alle eit godt og oppriktig val, og har trua på at de kan skilja gode saker og løfter for eit godt og rettferdig samfunn for alle.Henning Ekerhovd,Øygarden Arbeiderparti