Ein betre kommune å vekse opp i

Marita Harkestad Oen, fylkestingskandidat for Vestland Arbeidarparti

Marita Harkestad Oen

På Arbeidarpartiet sitt landsmøte tidlegare denne månaden sa statsminister og partileiar Jonas Gahr Støre noko som diverre ikkje fekk så stor merksemd i media:

«Vi vet at tiltak i barnehagealder, virker bedre enn tiltak senere i livet. Det sier egentlig seg selv: Det gir mer sosial utjevning å investere i høy kvalitet og forebygging i barnehagen enn å sette inn svære ressurser mange år senere. (…). Derfor er vår konklusjon klar: Fremover skal vi tenke enda større om de minste!».

Ikkje til forkleinelse for Jonas – men dette er nesten som eg skulle ha sagt det sjølv! Øygarden er ein kommune som diverre ligg ganske lågt på ein del oversikter og statistikkar: Me er mellom kommunane i fylket med høgast arbeidsløyse. Me har lågare utdanningsnivå enn kommunane det er naturleg å samanlikne oss med. Me har høgare utgifter til økonomisk sosialhjelp enn dei fleste andre kommunane i fylket. Og me har store utfordringar knytt til rus og utanforskap. Alt dette let seg sjølvsagt ikkje løyse med auka innsats i barnehagen. Men overraskande mykje av det som fører til at me har desse utfordringane, startar faktisk i barnehagen. Og difor er barnehagane våre så viktige.

Til hausten stiller eg til val som 10. kandidat på Vestland Arbeidarparti si fylkestingsliste. Sjølv om barnehagane først og fremst kommunane sitt ansvar, er mykje av det som må vere på plass innan oppvekstområdet også eit ansvarsområde for fylkeskommunen. I Vestland Arbeidarparti sitt fylkesprogram har me til dømes programfesta at fleire fritidsaktivitetar må verte tilrettelagt for å sikre at funksjonshemma born kan ta del, og at tilskota til barne- og ungdomsorganisasjonar skal aukast.

For Øygarden trur eg dette er ekstra viktig: Me er ein kommune med eit stort behov for å styrke oppvekstvilkåra til barn og unge. Det startar i barnehagen. Men det kan altså ikkje løysast i og av barnehagane åleine. Det trengst kraftfull innsats òg frå andre. Øygarden må verte ein betre kommune å vekse opp i – for alle barn og unge i kommunen. For meg er det det valet til hausten først og fremst handlar om. Framover skal me tenkje endå større om dei minste!

Innlegget sto fyrst på trykk i Vestnytt 24. mai.