Det startar i barnehagen!
Den siste tida har Øygarden kommune gjennom ulike kanalar oppmoda til engasjement om samfunnsdelen til kommuneplanen. Det er ei oppmoding eg vil stille meg 100 % bak.
Det høyres kanskje litt byråkratisk og kommunalt ut, «samfunnsdelen til kommuneplanen». Men det handlar om korleis kvar einskild av oss skal ha det i kvardagen her i kommunen vår: Korleis me skal leggje til rette for idrett og fritidsaktivitet. Korleis me skal sjå til at ungdomen vår får gode utdanningar og kjem seg i jobbar dei trivs i. Korleis me skal leggje til rette for gode bustadar og bumiljø. Korleis barnehagane og skulane våre skal drivast. For å nemne noko.
Øygarden er ein god stad å bu for dei fleste av oss. Men likevel har me ein del store utfordringar, som det slett ikkje er gjort i ei handvending å løyse:
- Talet på born som veks opp i låginntektshushald i kommunen vår er aukande.
- Stadig fleire unge i kommunen vår opplever å vere einsame og å verte mobba.
- Talet på dødsfall som følgje av narkotika er dobbelt så høgt i Øygarden som elles i landet.
- Utdanningsnivået i kommunen vår er lågare enn både i resten av fylket og i landet.
- Arbeidsmarknaden i kommunen er sårbar for økonomiske svingingar. Særskilt unge arbeidstakarar vert råka når krisene slår inn.
- Kollektivtilbodet i delar av kommunen er så dårleg at bil for mange er einaste alternativet.
Lista kunne diverre vore gjort ein god del lengre.
For oss i Arbeiderpartiet er mange nok, og gode arbeidsplassar og gode tilhøve i arbeidslivet, det kanskje aller viktigaste. Her har me dei siste vekene diverre sett opprørande dømer på at det finns arbeidsplassar i kommunen med store utfordringar.
Men skal ungdomen vår kome seg i arbeid dei både trivs i, og har kompetanse til, kan me ikkje byrje å tenkje på dette når dei er klare til å sende den første jobbsøknaden: Det startar allereie i barnehagen! Skal dei største utfordringane me som kommune og lokalsamfunn står for løysast, er me i Arbeiderpartiet overtydd om at me må verte ein betre kommune for borna og ungdomen vår å vekse opp i, bu i, ta utdanning i, ha fritid i, drive idrett i – ja; rett og slett å leve liva sine i. Difor er det å ha tilstrekkeleg og kompetent bemanning i barnehagar og skular heilt naudsynt.
Og ikkje minst må me verte mykje flinkare til å møta ungdomen vår som har uheldige erfaringar med rus, eller som søkjer til rusmiljøa i det daglege. Her er vår kommune faktisk mellom dei som har størst utfordringar i heile landet. Difor er det å lytta til ungdommen som deltek i kommuneplanarbeidet naudsynt, og viktigast er det å søkje å følgje opp forslag til tiltak. Mellom anna kan fortsatt, og sterk satsing på MOT-arbeid vera eit godt førebyggjande verktøy. Det hjelp ikkje med fine ord i ein plan utan politisk vilje til å møte dei sårbare gruppene.
Åse Gunn Husebø,
Kommunestyrerepresentant, Øygarden Arbeidarparti