Medlemsmøte
Tema: Barnevernsreformen
Det inviteres til medlemsmøte:
Torsdag 28. oktober 2021, kl. 19 i Hjeltefjorden arena (Sosialt rom)
Tema er ny barnevernsreform. Esther Vetås er prosjektleder for innføring av den nye barnevernsreformen i Øygarden kommune og innleder om temaet.
Saka var oppe i kommunestyremøte 30. september 2021. Sakspapirene ligger i denne lenken:
Det er også mulig å se behandlingen i kommunestyret på Øygarden kommunes nettsider (Nett-TV).
Kort oppsummert henta fra saksdokument:
“Føremålet med barnevernreforma er å overføre meir ansvar til kommunen på barnevernområdet, og styrke kommunane sitt førebyggjande arbeid og tidleg innsats. Hovudmåla med reforma er;
· Styrking av kommunen sitt arbeid med tidleg innsats og førebygging
· Hjelpa skal vere betre tilpassa barn og familiar sine behov
· Rettstryggleiken til barn og familiar skal bli godt ivareteke
· Ressursbruken og oppgåveløysinga i kommunen skal bli meir effektiv
Med barnevernsreforma får kommunane auka finansieringsansvar for tiltak i barnevernet. Dette skal gi kommunane betre høve og sterkare insentiv til å prioritere førebyggande tilbod til barn og familiar. Dei konkrete eigendelane for statlege tiltak vil verte fastsett i samband med statsbudsjettet for 2022. Kommunane vil bli kompensert for auka økonomisk ansvar gjennom auke i rammetilskotet. Kompensasjonen blir fordelt med utgangspunkt i kostnadsnøklane i inntektssystemet. Øygarden kommune vil etter utrekningane som ligg føre no, få 19,3 mill kr i auka overføringar i for å realisere måla i reforma. Omlag 7,4 millionar vil gå direkte til å dekke auka kommunale kostnadar på fosterheimsfeltet gjennom bortfall av refusjonsordningar, samt endra betalingssystem for fosterheimar. Vidare går omlag 5,3 mill kr til innlemming av eksisterande stillingar i barneverntenesta som i dag er finansiert av øyremerka statlege styrkingsmidlar. Til auke i kostnadar knytt til institusjonsplasseringar vil kommunen måtte rekne med omlag 7,2 mill kr. Dette inneber at heile rammeoverføringa går med til å dekke desse kostnadane, og kommunen må ut over dette dekke inn resterande utgifter ved å omprioritere ressursar, eller auke budsjettrammene i samband med reforma om tiltaka skal iverksetjast i det omfang dei ligg føre.”